Tumgik
Photo
Tumblr media
Heggen som sto i fjor Ein hegg er ikkje som andre tre. Gå inn i treets intimsone og alle sorger er gløymde.
0 notes
Text
Førti år med karantene i ørkenen
Foto: Eg har snikfotografert naboen sin vindu.
Sjølv om vi skulle synast at mykje av det Gud gjorde var frykteleg og uforståeleg, kan Han likevel eksistere. Vi treng ikkje å like tyngdekrafta heller, men det er ikkje dermed sagt at den ikkje finst. Eg er mektig imponert og rørt over Jens Kihl sin kommentar Som fanden les Bibeleni BT 11. april. Gjennom åra har eg opplevd så mykje at eg ikkje…
View On WordPress
0 notes
Text
Smertehelvete
Bilete: Gravplassen ved Haukeland universitetssjukehus
Påskebodskapen får meg til å tenkje gong etter gong. Påske etter påske. Det dukkar alltid opp nye ting å filosofere over.
Denne gongen var det “kalken”. 
Ein kalk er det begeret som blir brukt til vinen under nattverden. Samstundes ba Jesus i Getsemane om at kalken måtte bli tatt frå han.
26Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit…
View On WordPress
0 notes
Text
Ta eit esel for fred
Foto: Det næraste eg kom eit esel var ein Lama eg fann på Vestkapp i vinter
Har du nokon gong vore så fylt av angst at du har hatt eit inderleg ønske om å spole livet litt framover? Til det du hadde angst for var over?
På Palmesøndag visste Jesus at han skulle døy om få dagar. Sjølv om han skulle stå opp igjen trur eg nok han gjerne ville ha desse dagane overstått.
Eit esel for fred Jesus…
View On WordPress
0 notes
Text
Lat oss be!
Foto: Maria Leite Kallevik
Lat oss stå saman som eitt menneske. Som ender som flyg til varmare strok. Lat oss berre gjere det. Lat oss be: For  dei som styrer landet, om at dei må få sove om nettene og at dei må kjenne at dei har folket i ryggen.
For reingjeringspersonale
For anestesilegar og anestesisjukepleiarar,
For helsefagarbeidarar
Radiografar
For helsesekretærar
For…
View On WordPress
0 notes
Text
Ekte gospel - når du har blitt lei av såpeglatte julekonsertar
Ekte gospel – når du har blitt lei av såpeglatte julekonsertar
Amerikanske DaNell Daymond & Greater Works, som slo gjennom under America Got Talent for eit par år sidan, serverte den originale versjonen av gospelmusikk i Peer Gyntsalen 20. desember. Med så mykje energi og sangglede som berre afroamerikanar kan levere. Det er heller uvisst om publikum kom i det vi nordmenn assosierer med julestemning.
DaNell opna konserten med å sjå publikum djupt inn…
View On WordPress
0 notes
Text
Takk, Google. Ingen andre enn deg skjønte det
Takk, Google. Ingen andre enn deg skjønte det
Bilde over: Tatt av Mathilde Leite Kallevik, 2014
I dag har eg gleda av å presentere ein gjesteskribent som vil vere utan namn. Dette er ei eg er svært glad i og kjenner godt. Eg oppmuntra henne til å skrive om det ho hadde opplevd. Eg er opptatt av å spreie gode ting til andre med linknadene problem. Gled dykk til å lese denne!
Takk, Google. Ingen andre enn deg skjønte det.
Eg…
View On WordPress
0 notes
Text
Du treng ikkje banne!
Du treng ikkje banne!
Her ein kveld, som ei stemme frå oven, som den kvitaste myrull, som ein mjuk liten vind. Nesten innsovna, heile sjela var doven. -og eg sa til meg sjølv: Er eg sjuk på mitt sinn? -Du treng ikkje banne! Du treng ikkje banne! Partiet for framskritt sitt møte for landet: Eit kort, djevelsk ord, det blei spøkt med om natta. Effekten såg berre den smartaste katta. Dei raude kvitterte i samla kor. -Hopp ikkje…
View On WordPress
0 notes
Text
På tide å hogge seg ei grav?
På tide å hogge seg ei grav?
Det er ikkje lett å tenkje på døden når eg kjenner meg lukkeleg. Sola skin, fuglane kvitrar og døden er i grunn det siste som er naturleg å tenkje på. Men, det er langfredag. Når vi ser på kor mange dagar vi skal vere død i forhold til å vere i live, er det kanskje merkeleg at vi ikkje fokuserer meir på den lengste biten. Døden er ei av dei få hendingane her i livet som er felles for oss alle. Ei…
View On WordPress
0 notes
Text
Likestilling, negativt bønnesvar og eit par sverd
Likestilling, negativt bønnesvar og eit par sverd
Våren flyttar inn i meg og heile skapningen lengtar etter å oppleve innhaldet i påska på ny. Vanlegvis går dagane i frå meg. Prioriteringane blir gjennomgåande feil. Påska gir meg litt fred til å filofsofere. I dag tidleg las eg om skjærtorsdag i alle dei fire evangelia. Skildringane er akkurat passe like og passe ulike til å kunne kvalifisere som augevitneobservasjonar.
I dag merka eg meg tre…
View On WordPress
0 notes
Text
Hjelp Trump der han er
Hjelp Trump der han er
Bilete: Skjermdump frå Debatten 21. mars på NRK
Eg tek avstand frå Trump og alle hans gjerningar og alt hans vesen.
Varaordførar i Bergen, Marita Moltu har to gonger i løpet av ei veke tatt Trump i forsvar på statskanalen. Blant anna på Debatten 21. mars. Ho klarde ikkje å seie noko negativt om hans kontroversielle framtoning. Det tar seg rett og slett ikkje ut om dette blir ståande…
View On WordPress
0 notes
Text
Lengsel
Vi har det felles. Lengselen etter noko anna. Etter det som var, etter det som kan bli, eller etter det som aldri kan kome. Er det vinter lengtar vi etter vår og sommar. Sommaren blir varm og travel og vi lengtar etter vinter med mindre kav.
Eg er fortsett ikkje ferdig med jula. Tankar eg ikkje har fått avlevert. Lengselen blir sterkare for mange i jula. Etter dei som ikkje er lenger. Etter…
View On WordPress
0 notes
Text
Kamelen i rommet
KrF skulle i utgangspunktet gjere eit retningsval og ikkje eit personval. Men, blei det slik? I praksis har kanskje KrF heller gjort eit val mellom to statsministerkandidatar?
Det har truleg  ikkje vore like lett for alle å følje Hareide når Støre ville bli svaret. Utanriksminister – ja, helseminister – nei, statsminister – tja. Det er godt mogeleg at mange venstrevridde KrF-folk har prøvd å…
View On WordPress
0 notes
Text
Julesteming?
Foto: Mathilde Leite Kallevik @mathildeleite Det er allereie midt i desember og heile min eksistens lengtar etter å skrive. Eg kjem nærare både andre og meg sjølv i desember.  Kanskje det er lysa, kulden, minna? Bodskapet som jula trass alt handlar om?
Har du kome i julestemning? ” blei eg spurt her om dagen. Eg svarde meir avvisande enn eg likar å vedgå: “Nei , eg er ikkje opptatt av å kome i…
View On WordPress
0 notes
Text
To stjerner i Betlehem
To stjerner i Betlehem
For meg er det ein genistrek det Hareide har gjort. Som ein av om lag 400 vandra eg med store forventningar til Betlehem, Bergen indremisjon sine lokaler, 15. oktober. Mitt første medlemsmøte i Krf. Litt av motivasjonen var nok at eg fekk vere med på noko som pressa måtte studere frå utsida. Eit møte med liknande energi har eg sjeldan opplevd. Energien håpar eg blir verande i partiet etter at det…
View On WordPress
0 notes
Text
Inn med viten om jod
Inn med viten om jod
Vi treng legar som veit nok om jod
Det er skammeleg at ansvaret for å få i seg nok jod, blir lagt på kvar enkelt, i staden for å opp farta med å tilsetje jod i matvarer. I mellomtida må legane få klare retningslinjer.
SKJOLDBRUSKKJERTELEN er forma som ein sommarfugl, og den er avhengig av jod for å produsere det livsviktige hormonet thyroxin. Dersom vi anslagsvis har hatt ti år med jodtørke i…
View On WordPress
0 notes
Text
Når du møter deg selv i døren – gang etter gang - Gjesteinnlegg av Einar "Engelen" Engelstad
Når du møter deg selv i døren – gang etter gang – Gjesteinnlegg av Einar “Engelen” Engelstad
Altomlitt er alt om litt. I sommar har eg sysla med litt andre ting og skaffa meg ein ferievikar litt på tampen. Eg elga meg innpå ingen ringare enn den store musikkanmeldaren og erke (bergensar) – Engelen. Eller Einar Engelstad som han heiter for ein og annan. Av og til er det kjekt å utvide horisonten og høyre kva folk tenkjer på utanom min vanlege omgangskrets. Som betaling for jobben fekk han…
View On WordPress
0 notes