Tumgik
martvig-blog · 5 years
Text
Kvifor og korleis ta vare på nabospråka i undervisninga?
Førre uke var eg og klassen på tur til København, nærare sagt Schæffergården, der vi fikk ein skikkeleg innføring om nabospråk. Under opphaldet blei eg inspirert av dei gode føredragshaldarane som kom med tips og triks til korleis ein kan flette inn dette emnet i skulen. I dette innlegget vil eg først definere omgrepet nabospråk, og deretter si noko om kvifor det er viktig å bevare emnet i skulen. Til slutt vil eg kort presentere eit undervisningsopplegg som vi blei introdusert for under opphaldet.
Mange vil nok tenkje på nabospråk ut ifrå geografi, altså som «språka til nabofolk». Likevel må ein vere enda meir presis i definisjonen, ettersom brukarane av nabospråka må klare å kommunisere med kvarandre. Våre nabospråk er svensk og dansk, og grunna sosiohistoriske og politiske årsaker vert det rekna som tre ulike språk. Likevel er det lett å forstå kvarandre på grunn av alle likskapane mellom dei. Når ein kan eit av nabospråka, kan ein alle (Hårstad, 2015, s.18). I alt er det over 20 millionar menneske som snakkar og forstår skandinavisk. Når ein reiser, studerer eller arbeider i eit anna nordisk land vil ein få god bruk for det nordiske språkfellesskapet, både å forstå og bli forstått. Ettersom Norden er vårt nærområde, vil det rikje oss å lære om våra nærmaste naboar. Da vil språket være ein viktig nykel i denne kompetansen (Harstad, 2012).
Mange lærarar vil nedprioritere dei kompetansemåla som inneber nabospråk. Grunnen til dette kan være at dei har manglande kunnskap om korleis dei kan undervise om emnet og manglande passande didaktisk litteratur. På Schæffergården blei vi introdusert for ei rekke aktivitetar som vi i vår karriere som lærarar kan bruke i undervisninga. Trafikklysmetoden er ein av desse, og er med på å vise likskapar og ulikskapar mellom nabospråka. Det går ut på at elevane får ein dansk eller svensk tekst der dei skal markere ord med fargene grøn, raud og gul. Ord som tyder det same og blir stava likt skal for eksempel markerast med grøn farge. Ord som tyder det same, men blir stava ulikt markerast med gul farge og ord som ikkje finst på eige morsmål markerast med raud. Dei vil da merke at dei fleste orda blir fargelagt med enten grønt eller gult, og dei vil meir tydeleg sjå at det er meir likt enn ein trur. Som en oppsummering av oppgåva kan ein skrive opp alle dei gule orda på tavla og la elevane omsetje dei til norsk.
Tumblr media
(Norden i Skolen, 2012)
Kjeldeliste: 
Harstad, F. (2012). Nordiske språk – hvorfor det? Henta fra: https://nordeniskolen.org/nb/spraak-kultur/8-10-klasse/spraakkunnskap/nordiske-spraak-hvorfor-det/ 
Hårstad, S. (2015). Nabospråk og nabospråksundervisning. Oslo: Cappelen Damm.
Norden i Skolen. (2012). Nordiske språk – hvorfor det? [illustrasjon]. Henta fra https://nordeniskolen.org/nb/spraak-kultur/8-10-klasse/spraakkunnskap/nordiske-spraak-hvorfor-det/
0 notes
martvig-blog · 5 years
Text
Kor går grensen for kva som er biografi og kva som er fiksjon i boka Kinamann?
Kinamann er ein roman skrive av forfattaren Brynjulf Jung Tjønn, og den vart gjeven ut i 2011. Boka handlar om Gjermund Brekke som blir adoptert frå Seoul i Sør-Korea til den vesle bygda Feios i Sogn og Fjordane. Brynjulf, forfattaren av boka, vart også adoptert frå Seoul og voks opp i den same bygda som Gjermund. Dimed er det mange som vil lese denne boka som delvis sjølvbiografisk. Spørsmålet er, kor går grensa mellom kva som er biografi og kva som er fiksjon? Kan vi uproblematisk seie at boka Kinamann er ein roman? 
Likskapane mellom Gjermund og Brynjulf kan gjere at skiljet mellom biografi og fiksjon blir tynt. I tillegg viser framsida av boka eit bilete av Brynjulf som liten, noko som gjer det tydelig at det er basert på eigen historie. Boka er utan tvil basert på forfattarens liv, men det er vanskeleg å skjøne om resten er oppdikta eller noko forfattaren sjølv har opplevd. Det er fleire delar av boka som tyder på at det er fiksjon. For det fyrste tenker eg på hendinga når Gjermund tek på magen til han som han sat ved sida av på flyet. Noko han truleg ikkje ville gjort på ekte, men kanskje legg til for å skapa spenning. For det andre tek han i bruk kunstnarlege grep som gjer at boka blir meir estetisk enn ein biografi. Eit døme er ferskenen som blir teke opp fleire gongar i boka. Eit grep som gjer at vi som lesarar byrjar å undre over kvifor det blir gjenteke. Det hadde kanskje ikkje vore tilfellet i ein rein biografi. Til slutt tenkte eg på det at han brukar andre namn, dette gjer at historia blir meir distansert frå hans eiga liv. 
Eg tenker at det er vanskeleg å setje eit tydeleg skilje mellom biografi og fiksjon, og dimed blir ikkje Kinamann ein rein versjon av nokon av dei. Store delar av boka er oppdikta, og dimed ville eg definert det som ein roman. Men sidan boka tydeleg er basert på hans eige liv, ville eg definert boka som ein sjølvbiografisk roman. Som han seie i eit intervju «Heilskapen er fiksjon, men eg brukar biografiske element.» (Storvik, 2011)
Tumblr media
(Cappelen Damm, u.å)
Kjelder:
Tjønn, B., J. (2011). Kinamann. Cappelen Damm. 
Storvik, H., F. (2011, 3. august). Sjølvbiografisk om oppvekst. Henta frå: https://framtida.no/2011/08/03/sjolvbiografisk-om-oppvekst
Bilete: 
Cappelen Damm. (u.å). Kinamann. Henta frå: https://www.cappelendamm.no/_kinamann-brynjulf-jung-tjonn-9788202362140
2 notes · View notes
martvig-blog · 5 years
Text
Et kort sammendrag av språkhistorien i Norge
Tenk deg at du hadde vorte sendt 1500 år tilbake i tid i Noreg. Trur du at du hadde forstått språket dei brukte da? Nei, da ville du nok skjøna svært lite. Grunnen til dette er at det har skjedd ei stor språkutvikling. Språkutviklinga skjer på grunn av endringar av talen, skrifta eller samfunnet. Ut ifrå dette blir den norske språkhistoria delt inn i 5 ulike periodar. Det heile startar da dei første menneska slo seg ned her i Noreg. Denne perioden blir kalla for den urnordiske tida, og den starta rundt 500 talet og varte til 750. Frå den tida har dei funne gamle runer skrive på steinar, men dei finst det få av. Språket var veldig ulikt frå det språket vi brukar i dag. Dei brukte berre 5 vokalar (vi brukar 9) og ordformene var mykje lengre. Vidare utvikling førar til perioden vi kallar for den norrøne tida, og den varer fram til 1350. I den tida vart det og brukt runeskrift, men dei var lengre. Deretter kjem den mellomnorske tida, frå 1350 til 1550, som er perioden mellom gammalnorsk (norrønt) og moderne norsk (nynorsk).  Det latinske alfabetet vart tatt i bruk og talespråket blir endra i moderne retning, noko skriftspråket blir prega av. Difor kan vi byrja å sjå meir likskapar med det språket vi snakkar i dag. I 1536 overtar dansk som skriftspråk i Noreg. Denne tida blir kalla dansketida, og varer til 1850. Etter vi stiftar grunnlova i Noreg, fortset vi med dansk som skriftspråk, men det blir gradvis fornorska.  Til slutt har vi perioden som varer fram til i dag. Den har vore prega av mange debatter angåande kvi for eit språk som skulle bli det offisielle, nynorsk eller bokmål. Det har nå vorte likestilt, og alle som går på skole må lære begge språkene.
Tumblr media
Kjelder:
https://snl.no/mellomnorsk
https://snl.no/norsk_spr%C3%A5khistorie
Bilete: 
https://snl.no/urnordisk
2 notes · View notes